25/01/2009

KYST





I dag, sundag, skulle været bli litt betre. Orka krypa or senga før sola viste seg, og var på Brusand før 8.00. Lyset var ikkje heilt topp, og så var det flo. Neste gong eg dreg, skal eg lesa tidevanntabellen og vera der når det er fjøra....

04/01/2009

OGNA

Har brukt tre ulike raw-konverteringer og tatt ut 
det beste fra hver av dem
En lys, en normal og en mørk
Også her er ulike raw-bilder brukt for å få fram 
detaljer i steinen og i himmelen
Brukte blits + 10 mm. Gir farger i steinane
"Kvalen" på stranda. 8x gråfilter
Her vil eg tilbake!
Før sola står opp.
Fekk akkurat den effekten 
eg var på jakt etter.
Til Ogna før sola stod opp er nytt for meg, men det var inspirerande og gav meirsmag

02/01/2009

JUL PÅ SIREVÅG

Gjertrud med Sigurd på fanget
Besten på tur med Sigurd
Ingvild med gudlabadnet
To snille og uredde weimaranere
Gjertrud har kontroll på Frøya
Julekvelden var vi på hytta for første gang. To store hundar, ein liten Sigurd-gutt og 6 vaksne fekk ein spesiell ettermiddag og kveld/natt på Sirevåg. Vi gjekk på stranda, pynta juletre, hadde med mange pakkar og laga ein herlig middag på den nye komfyren. Ein nattlig runde på leit etter Akilles i fri flukt førte oss Sirevåg rundt under stjernehimmelen utpå natta. Ein lege (Jon Øystein) var heldigvis på vakt i Egersund og kom hastande til bygda og redda kvelden...
Eg måtte dela seng med ein av hundane (Frøya) for første gong i livet....det var varmt....

JÆREN

Vibå er fuglen i kommunevåpenet
Håtangen 
Vegskille
Obrestad fyr
Myrull på Indrebø
Det er alltid kjekt å fokusere på landskapet her på Jæren. Dei lange linene, lyset og den høge himmelen er ofte med i komposisjonen. Kysten og stadig skifte i lys med lågtrykk som passerer, er ofte inspirasjonskjelde. Myrane er stort sett borte. Bare restar er att av det brune landskapet med torvull og små blenkande vatn. Mykje er drenert og tørka bort. 

TOPPMEIS

Ef 500/4.0
Ef 500/4,0
Var på utkikk etter flaggspett i Skeieskogen i dag, men det var toppmeisen eg møtte. 
Det er vel ein vakker fugl! 
Skulle gjerne hatt med litt meir snø på barnålene, men den lika seg best i sola....
På heimvegen var eg innom Sandtangen og la på meir solsikkefrø. To ekorn var på plass.