11/04/2009

PÅSKEMØTE MED HAVØRN OG KONGEØRN





Alle bilder: Canon 5Dmk ll /4.o-500mm
Då vi pakka sakene og drog på tur til Bømlo, hadde eg tankar om å sjå havørna. Dei vaksne fuglane ligg på egg nå, så ungfuglar var vel mest aktuelle. 
Det varte ikkje lenge før kikkerten måtte fram. Store fuglar sveva over ein holme ute i havet. Der var det både konge- og havørn i lufta. Minst 5-6 ulike fuglar. Det var kamp om eit bytte der kongeørna hadde kontroll. Frå ein 14-fots båt kom eg nær og fekk tatt nokre fluktbilete.

4 comments:

Marie said...

Dette må ha vore litt av eit skue!
Eg er veldig fasinert av desse flotte fuglane. Såg ei ørn som tok ei gås berre eitparhundre meter frå huset her tidlegare i vinter.

Håpar berre dei ikkje blir for nærgåande når alle smålamma skal ut om ei stund...

solsikken said...

Flotte bilete av flotte fuglar. Har ikkje vore så heldig at eg har møtt på slike fuglar på min veg. Mitt store "eventyr" i fuglelivet dei siste dagane, er at eg har sett fleire storspovar. Bare så synd at eg ikkje har godt nok kamera til å få gode bilete av dei.

Terje Sylte said...

Fant bloggen din via Knut Børge Strøm. Mye flotte bilder.Lykke til videre.

Stian Tysnes Mørtsell said...

Hvor på Bømlo er disse bildene tatt?