





Så vart det litt fuglefotografering igjen, og det av dvegdykkaren, den minste av dykkarane. Heile 7 stykk såg eg på ein gong. Det må vel vera sjelden kost! Dei var opptekne med fisking, men det var umulig å få samla alle 7 i søkaren samstundes. Stingsild og muslingar vart fanga.
Dvergdykkaren har kanskje auka litt dei seinaste åra? Eg ser fuglen ganske ofte nå, og lenger utpå våren ser eg også fuglar i praktdrakt. Tydeleg hekkefuglar.