



Alle foto: Canon 40d med 300mm 2.8
Denne vinteren bestemte eg meg for å få gode bilete av ekorn. I Sandtangen fann eg ein god plass til å legge ut fòr. Ein gammal hol trestubbe var perfekt til å fylle med 1kg solsikkefrø. Fint med ein foringsplass der ein ikkje treng reise langt for å fylgje opp med mat. 3-4 gonger i veka måtte til for å halde tritt med svoltne magar. Meiser, grønnsisik, svarttrost, nøtteskrike og ekorn var trugne gjester i to vintermånader.
1 comment:
Flotte bilete Harald!
Post a Comment