15/06/2008

SVALER!

Låvesvale på insektjakt



Sandsvalene var på plass, men litt tidlig enda. 
Regnet kom, ei låvesvale og ein tornirisk 
fekk eg også bilde av.



SANDSVALER
Ser på bilder tatt i 2006 at sandsvalene mater ungene rundt den 20. juni. Fegg oppleva at røyskatten gjekk berserk i kolonien. Må visst ta en tur ut i dag å sjå korleis stoda er nå!

08/06/2008

MINK I FJØRA





RØMLING?
Minken er kjend for å herja i fuglekoloniane langs kysten. Enkelte holmar er nesten frie for hekkefuglar av den grunn. Denne karen kom opp av sjøen med ein stor ål i kjeften. Målretta la han av garde til sikkert svoltne ungar...

07/06/2008

KVELDSTUR TIL OBRESTAD

Ef 400/5,6

Ef 70-200/4.0

Ef 400/5,6

Ef 17-40/4.0

Ef 70-200/4.0
TJELD
Tre foto entusiaster fekk ein fine kveld nedanfor Obrestad fyr. Ein tjeld hadde to kyllingar på stranda, og mange foto vart tekne. 

02/06/2008

PÅ TO HJUL TIL SKAGEN

Vakre Danmark.

Livsnyteren!

Nå trengs rett næringstilskudd!
-også kalle dop ):
Thor Einar deler ut medbrakt

Jylland lengst mot nord

Kunstoppleving til ettertanke!

Den nedsandende kirke?

Smil Reidar!

Kor går veien nå?
Jostein er kartlesar og vegvisar

Thor Einar  forklarer slik 
at ingenting er forstått heilt ut.

Litt snikfotografering måtte til!

I "klitterne"
Danmarkstur.
I strålande sol drog  me frie og franke på sykkeltur til Danmark.
Etter lett proviantering i Hirtshals kor vi mellom anna måtte innom ein sykkelverkstad for å få nytt bakhjul og nye dekk, geleida vegvisar Jostein oss trygt fram på de Nordjydske landeveje like fram til Skagen. 8 timer på like mange mil var grei fart for oss "halvrustne" i gjengen.
Skagen er flott....dei danske sykkelstiane er fantastiske, og danskane sin romslighet i bruken av landet er eineståande. 
Å få oppleva maleria til skagen-kunstnarane var eit høgdepunkt. Eg undra meg over at så mykje flott kunne bli laga. Det sette spor i sinnet og i minnet.
160 km på nytt sykkelsete sette og sine merker, men dei er av den forbigåande sorten, heldigvis.

26/05/2008

DET BLOMSTRER I HAGENE

Etter morgonregn
EF 50mm makro

EF 100mm makro f3,5

EF 100mm makro f4,5

Sigma 150mm makro f4.5
Hageblomster.
Er du i beit for fotomotiv, er tida for hageblomstene her. I bed og krukker lyser de opp med alle sine farger og former for å glede oss. Ta kamera fram og bruk gjerne et makroobjektiv. Det fineste lyset får du morgon og kveld. Her kan du leke med komposisjonsprinsipper som symmetri og sirkler, og farger i alle tenkelige kombinasjoner, Hva med rødt og grønt? (komplementærkontrasten)

25/05/2008

BRYNE FOTOKLUBB I STAVANGER

Trette føtter

Her bur siddisane

Fem glade jenter

Makrell i sjøen

Duene mine

Gamle Stavanger
Fin tur!
Flott vær. yrende folkeliv og uendelig med motiver for 5 entusiastiske medlemmer av Bryne fotoklubb. Vi hadde en fin lørdag på byen, men sterkt solskinn heile dagen var en stor utfordring.

23/05/2008

I FINVÆRET




Blanda drops....
Det blei mest bomskudd i dag. Kontrastene stemmer ikkje i finværet. Lyset er for hardt, men har lenge sett på eit vindskeivt tre, og i dag tok eg motet og kjøyrde fram til "tuntreet" bak ei løe på Horpestad....
I kveld prøvde eg to makroobjektiv. Sigma 150mm og canon 100 mm. Begge gjer jobben, men sigma 150mm er eit "knallobjektiv"!

12/05/2008

FRIERI OG BARNEPASS

Stokkanda med 12 nyklekte på slep.




Våryr og det som følger.
Frå gamalt vart denne tida kalla for egglegginstid på primstaven. Men stokkanda er tidleg ute. Ho har alt 12 i ungeflokken. Toppdykkaren er derimot midt i frieri og reirbygging.

SIVHAUK




Alle foto 500/4,0 (utsnitt)
Søylandsvatnet.
Har lenge tenkt på å få bilete av sivhauken, men det var ikkje lett.
To timer med venting, og fuglen passerte to gonger.
Ikkje særlig nøgd med resultatet, og autofokus på 40D imponerer ikkje!

11/05/2008

VÅTMARK

Rødstilk i oppflukt.

Enkelbekkasinen måtte eg lokka fram med lyd.

Myrfuglane
Jæren er blitt grøn. Bare små rester av myr og hei er igjen.
Her og der kan ein framleis høyra mekregauken of raudstelken, som jærbuen kallar desse flotte fuglane. Mine bilete er tekne på Lye i Time.