18/04/2009

TIUREN



Alle bilder: Eos 5D mkll/100-400mm
Ein spelegal tiur fekk hovudrolla på turen til Moi denne laurdagen.  20-30 ivrige fuglesjåarar fekk likevel oppleve ein hendelsesrik tur. Under guiding av Gunnar Skjærpe fekk me sjå minst 5 ulike spettar i traktene vest for Lundevatnet. Svartspett på hekkeplass var mest uventa.

15/04/2009

JÆRHARE





Takk for tips Helge. Måtte en tur ut i kveld og sjå etter haren din. Den var på åkeren i halv-ni- tida. Lite lys så det måtte bli som det ville. Eg klikka og håpte men vart vel ikkje heilt nøgd. Men det gav meirsmak. Jordugla såg eg ikkje....

11/04/2009

PÅSKEMØTE MED HAVØRN OG KONGEØRN





Alle bilder: Canon 5Dmk ll /4.o-500mm
Då vi pakka sakene og drog på tur til Bømlo, hadde eg tankar om å sjå havørna. Dei vaksne fuglane ligg på egg nå, så ungfuglar var vel mest aktuelle. 
Det varte ikkje lenge før kikkerten måtte fram. Store fuglar sveva over ein holme ute i havet. Der var det både konge- og havørn i lufta. Minst 5-6 ulike fuglar. Det var kamp om eit bytte der kongeørna hadde kontroll. Frå ein 14-fots båt kom eg nær og fekk tatt nokre fluktbilete.