29/03/2009

VÅR





Deilig å ha en dag ute i finværet. Nå ser eg dagleg fleire trekkfuglar som er tilbake på Jæren. På Håtangen dukkar flokk etter flokk opp på veg nordover. Gravender, tjeld og spove. Også hettemåken er tilbake. Lufta fylles med skrik og fugleskrål. Snart er dei på hekkeplassane sine i jærvatna. På Lye er gråheigren i gang med å fikse på fjorgamle reir.

23/02/2009

DVERGDYKKER







Så vart det litt fuglefotografering igjen, og det av dvegdykkaren, den minste av dykkarane. Heile 7 stykk såg eg på ein gong. Det må vel vera sjelden kost! Dei var opptekne med fisking, men det var umulig å få samla alle 7 i søkaren samstundes. Stingsild og muslingar vart fanga.
Dvergdykkaren har kanskje auka litt dei seinaste åra? Eg ser fuglen ganske ofte nå, og lenger utpå våren ser eg også fuglar i praktdrakt. Tydeleg hekkefuglar.

21/02/2009

TRE SJØHUS

Jær-kyst i vinterdrakt. Kvassheim

GILJATUREN

Hegre på Røsslandsvatnet, Moi i Time

Seintveksande furutre 

Store tre i Bryne sentrum. Kl 08.00. Klar for fototur

Frå Giljajuvet

Frå Frafjord

Gloppedalsura
Her er nokre bilete frå sist helg. Det vart ein tur innom Giljajuvet, Byrkjedalstunet og Gloppedalsura i tillegg til Månafossen i Frafjord. Kaffimat på Byrkjedal var bra. Trong litt ro, varme og nye krefter med ein kopp kaffi.

17/02/2009

RUGDE



Ho tek sjansen på å klare vinteren her nord. Dei fleste artsfrendane finn det best med ein sydentur vinterstid. Rugda hutrar i Sandtangen når det er snø. Om få dagar kjem mildværet.

15/02/2009

TUR TIL MÅNAFOSSEN





Hadde tenkt ein kort tur i dag, men vart med gode vener til Byrkjedal og Frafjord. Det kjennes i musklane etter den bratte bakken opp til fossen og ned i juvet. Men for ein stad vinterstid! Kan sjøvsagt ikkje formidlast med nokre bilete, så vil du sjå, må du gå.
Ps. Har brukt Canon 5d mkll en kort periode nå. Fantastisk kamera! 

08/02/2009

LIV OG DØD I ELVA

Fotlandsfossen har fått ny prismelysekrone

Fossekallen er på plass. Snart klar for kurtise og nytt ungekull


Daud laks i elva

Denne ruggen av ein laks låg like ovanfor Fotlandsfossen i Time. At såkalla overstøingar døyr i løpet av vinteren i elvane våre, er velkjent. Men det er likevel sjeldan å sjå daud laks vinterstid. Kanskje ein godbit for havørna?

07/02/2009

BLÅTIMEN






Flott å være ute på fotojakt i timen før soloppgang...

25/01/2009

KYST





I dag, sundag, skulle været bli litt betre. Orka krypa or senga før sola viste seg, og var på Brusand før 8.00. Lyset var ikkje heilt topp, og så var det flo. Neste gong eg dreg, skal eg lesa tidevanntabellen og vera der når det er fjøra....

04/01/2009

OGNA

Har brukt tre ulike raw-konverteringer og tatt ut 
det beste fra hver av dem
En lys, en normal og en mørk
Også her er ulike raw-bilder brukt for å få fram 
detaljer i steinen og i himmelen
Brukte blits + 10 mm. Gir farger i steinane
"Kvalen" på stranda. 8x gråfilter
Her vil eg tilbake!
Før sola står opp.
Fekk akkurat den effekten 
eg var på jakt etter.
Til Ogna før sola stod opp er nytt for meg, men det var inspirerande og gav meirsmag