12/05/2008

SIVHAUK




Alle foto 500/4,0 (utsnitt)
Søylandsvatnet.
Har lenge tenkt på å få bilete av sivhauken, men det var ikkje lett.
To timer med venting, og fuglen passerte to gonger.
Ikkje særlig nøgd med resultatet, og autofokus på 40D imponerer ikkje!

11/05/2008

VÅTMARK

Rødstilk i oppflukt.

Enkelbekkasinen måtte eg lokka fram med lyd.

Myrfuglane
Jæren er blitt grøn. Bare små rester av myr og hei er igjen.
Her og der kan ein framleis høyra mekregauken of raudstelken, som jærbuen kallar desse flotte fuglane. Mine bilete er tekne på Lye i Time.

HØNSEHAUK

Ribbeplassane ligg ofte på ein 
trestamme eller ei rotvelt.

Hauken er innom reiret med bytte.

Ei stokkand vart servert av hannen.
Hauk i sikte!
Hønsehauken hekker i skogane på Jæren. I dag sjekka eg ein hekkeplass og fekk sjå hauken i rask flukt gjennom skogen og mange ribb i skogbotnen som viser at hauken hekker på staden.
Bildet av hauken på reiret vart teke med radiostyrt kamera for nokre år sidan. Den vaksne fuglen var innom reiret med bytte i ca 10 sekunder.  Nesten flygedyktige ungar ordna resten av måltidet.

09/05/2008

HUBRO



Hubro i sør!
Fekk ein hyggeleg telefon med beskjed om ein hubro som satt i ro sør for Sirevåg.
Kasta meg i bilen men forstod snart at hubroen var temmelig sjuk og utmagra. 
Vekta ca 1,3 kg som minst er 50% under normalvekta. Ivrige fuglevenner skal forsøke å få den praktfulle fuglen til å overleva.
Desverre gjekk det galt. Fuglen døydde etter eit døgn.

23/04/2008

KVITVEISEN BLØMER

Kvitveisen strekker seg mot lyset.

Kvitveis med ekstra kronblad!

Canon PowerShot A640

Canon PowerShot A640

Canon Eos 5D /50mm 2,5

I gammal lauvskog på Jæren kan ein finna kvitveis. 
Risaskogen er ein bra plass for vårblommane. Kvitveis, kusymre og vårkål kan dekka skogbotnen.
Ein fin stad å ta med born så dei kan bli glade og trygge i naturen.

20/04/2008

HELGETUR TIL SIRDAL


Fullmåne over Hilleknuten

Silkeføre

Snølandskap

Treskulptur.

Vi blir små i eit stort landskap!

Olav og Ragnar i fint driv!

Olav i snølandskap

Ragnar på taket av Børsteinen turisthytte
Hytta var fullstendig nersnødd.

Bare eit bjørketre!

Her letta ei rype i morgontimane.

Strålande vær, fantastisk skiføre, nøgda med snø og flott hytte høgt til fjells i Sirdal.
Kvite ryper i flukt mot djupblå himmel og blikkstille kveld med ein fullmåne som steig opp over Hilleknuten i aust. God mat og eit glass vin eller to. Det var ramma rundt ei perfekt helg i fjellet.
Takk Olav for invitasjonen.

13/04/2008

Søndagstur rundt Stokkelandsvatnet




Våren går så utruleg fort. Kun få helger i april, og så er mai der.
Må ut å nytta og nyta fridagane om våren. I Stokkelandsvatnet håpte eg å finna gråheigre i sevet, men den viste seg ikkje. Laksand-hoa var deimot der på fiskejakt. Og stokkendene ville ha brødmat.

12/04/2008

Gråhegre bygger reir.




Gråhegre bygger reir i Time. Så langt eg veit er det kun ein plass "heigren" hekker i kommunen. Og det i ei granplanting. Kolonien på Eikeland forsvann då skogen vart omgjort til favnar med ved. Nå i første del av april skal nye reir byggast, og mykje kvist må fraktas på plass.

10/04/2008

Vibå e komen!





EF 500/4

Nå e vibå på plass, i alle fall ein del fuglar. Føler det er færre for kvart år som går. Stadig nye "vibemarker" er tomme. Men på Lye har ho fremdeles tilhald. Hannen med flott drakt. På Lende ligg vibå på reir.

07/04/2008

SULDALSHEIA

Uver i vest. Snø eller regn på vei? 0 grader i lufta.
EF 70-200 f4.0

Bare eit tre! Rogn på 700 m.o.h.
Ef 17-40, f4.0

Samme treet, ny vinkel!
Ef 17-40, f 4.0

Folk på vei opp i Reinsheia
Ef 400, f 5,6

Sol, regn, snø, vind frå sør og frå nord. Ei skiftande men flott skihelg ved Sandsavatnet i Suldal. Det var fint å kjenne snø under føtene etter ein begredelige vinter på sørvestlandet. Om eg kom i form? Nei da. Kjente meg mange år eldre etter lange skiturar der eg gjekk tom for krefter halvegs i løypa....